Chryslere på Fiskå

Chryslere på Fiskå

Publisert av Storfjordens Automobil Klubb den 15.02.18.
Kopi av Facebook innlegg av: Johan Steffen Fivelstad

Familien Kvalsvik på Fiskå er svært bilinteressert og dei har mange flotte bilar. I dag var eg heldig å få omvisning av 
Odd Arne Kvalsvik😀 Mykje spennande var det å sjå av mange slag. For meg var det ekstra kjekt å få sjå dei tre Chryslerane som faren til Odd Arne, Kjell Arne, kjøpte av Bjørn Sjøholt for mange år sidan. Det er 1926/27 modellar. Ein roadster som er nesten ferdig restaurert etter ein svært omfattande jobb og to 7-setarar. Dette er den største modellen, Imperial serie 80 EL. Den eine 7-setaren er ein åpen bil som opprinneleg gjekk i Geiranger, den andre er ein Limousine som har historie frå det svenske kongehuset. 😀
Det er eit stykke fram før 7-seterane er på vegen, men planane er klare og vi gler oss til å sjå fortsettelsen. 
😀Dersom dokke har delar til desse Chryslermodellane som dokke ikkje har bruk for, så fortjenar desse entusiastar all den hjelp dei kan få, til å få desse bilane på vegen igjen.

Kommentar fra Lidvard L:
Tek eg ikkje mykje feil er bildet nedanfor av ein av desse Chryslerane på SAK si første utstilling i 1989.