Er framtida elektrisk?

Er framtida elektrisk?

Publisert av Lidvard Lundanes den 21.02.18.
Det einaste som er sikkert om framtida er at det er usikkert kva som skjer i forhold til korleis vi skal forflytte oss. Blir "alt" elektrisk, eller vil bensin og diesel overleve som drivstoff? Dette gjeld ikkje berre dei daglege turane med bruksbilen, men og i stor grad korleis vi kan bruke veteranbilar i framtida.

Bilfabrikantane verkar like usikre som oss forbrukarar om kva som skjer framover, men mange av dei har etterkvart uttalt at frå 2020 eller 2025 vil dei tilby heilelektriske alternative drivlinjer i alle sine modellar. Ein av dei som har uttalt dette er Jaguar i England. Som eit reklamestunt har dei bygd om en 60-talls Jaguar E-Type til heilelektrisk drift.
Det er vanskelig å ikkje like bilen ut frå kriterier som vanligvis ligg til grunn for å like en bil. Den har framleis det same linjelekre karosseriet, du får fortsatt vind i håret når dei omlag 300Hk'ene akselrerer deg 0-100km/t på 5.5 sekund.... Lyden fra den klassiske XK motoren kan du sikkert få i stereoanlegget om du vil.   Er det dette vi vil i framtida, og har vi noko valg?

Her kan du lese artikkelen om den elektriske E-Typen på engelsk.
Skriv gjerne kommentarer i kommentarboksen under artikkelen.

.

.