1926 Chrysler Touring

1926 Chrysler Touring

Publisert av Storfjordens Automobil Klubb den 23.12.17. Oppdatert 26.01.18.
I 1931 selde Idsøe bilen til  lærhandler Karulf Hansen i Stavanger. Den fekk reg nr. L- 431, og som vanleg den tida stod eigarens yrkestittel oppført i vognkortet. Hansen hadde bilen fram til 1977, men den vart avskilta i 1955 og sett på stall til fordel for meir moderande køyrety. Neste eigar vart Arvid Johannessen frå Haugesund, som selde bilen vidare til Dag Johannessen i Oslo i 1992.  Dag er ein kjend person i veteranbilkretser, og i tillegg til Chrysleren har han hatt eit stort antal veteranbiler som han har restaurert til fordoms prakt.  Hos han vart Chrysleren flittig brukt. Dag var med på løp både her og der, og  eg meiner å ha observert den også på våre kanter i ei eller anna anledning. Etter kvart vart det behov for ei real overhaling. Ny lakk måtte til, og skjermane skifta farge frå svart til dagens burgunder. Det lyse gule på resten av bilen er den originale fargen. Seter og kalesje vart og fornya, og i det heile er alt arbeid som vart gjort av svært høg kvalitet. To klappseter vart montert i ryggen på forseta, og ”Gangster Chrysleren” vart no å rekne som 7 seter.

Hausten 2011 overtok  Hugo Normann frå Romedal i Hedmark bilen etter eit mellomspel ein stad i Sunnfjord. (Noke uklar historikk).  Hugo er bilfagmann, og sørga for at bilen fekk den pleie og omsorg som den fortente. Men bilar er i utgangspunktet bygde for å brukast, og det er soleis grunnlaget til siste avsnitt i denne fantastiske historia.
For om lag 5 år sidan ringde Hugo Normann til John Thompson og lurte på om han hadde tilknytning til 30 talets eigar med same navn. Dagens John kunne bekrefte at tidlegare eigar var hans bestefar, og som veteranbilentusiast var han sjølvsagt svært interessert i historia til akkurat denne bilen.Han fekk etter kvart lovnad på fyrsteretten  ved evt. salg, og dermed  var ei spanande vidare historie lagt på hald inntil vidare.
I april i år ringde Hugo til John og tilbydde han å kjøpe bilen som bestefaren hadde importert til Norge, Då skjedde ting rimeleg raskt, handel kom i stand, og bilen vart henta til Sykkylven.  Denne fantastiske historia og det faktum at bilen no er ivareteken av familie, er svært spesiell. Vi gratulerer John med klenonodiet, og ser fram til å sjå den i mange samanhenger frametter.